Strand kommune

Strandaskulen har ledig fast stilling som verksemdsleiar/rektor ved Nordre Strand oppvekstsenter på Fiskå.

Verksemdsleiar/rektor

Som leiar har du ansvar for Eikehaugen barnehage og Nordre Strand skule. Barnehagen har 2 avdelingar, ein for 0-3 år og ein for 3-6 år. Skulen har i dag 71 elevar på 1.-7. trinn og er ein fådelt skule. Verksemdsleiar rapporterer til kommunalsjef for Opplæring, og har sjølvstendig ansvar for fag, personell og økonomi.

Me søker etter ein leiar som:

  • Er inspirerande og tydeleg
  • Er god på kommunikasjon og samarbeid
  • Er pådrivar i pedagogisk utviklingsarbeid gjennom kompetanseutvikling i ei verksemd
  • Har kjennskap til både barnehage- og skulesektoren
  • Har leiarerfaring og/eller leiing som del av sin formelle kompetanse
  • Har økonomisk innsikt og evne til å utnytta ressursar til beste for born og elevar
  • Er analytisk, løysing- og resultatorientert

 

Me kan tilby:

  • ein jobb som gjer meining, meistring og eit profesjonelt handlingsrom
  • ein spennande og utviklande jobb i ei kunnskapsbedrift med høg kompetanse
  • eit aktivt pedagogisk miljø kor det blir lagt vekt på samarbeid og personleg og fagleg utvikling
  • samarbeid i lokale og regionale leiarnettverk
  • gode støttefunksjonar innan fag, personal og økonomi
  • ein profesjonell barnehage- og skuleeigar kor du blir ein del av eit større rektorkollegium med pågangsmot og godt humør

 

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare pedagogisk utdanning
  • Formell leiarutdanning er ønskjeleg
  • Skuleleiarerfaring
  • Erfaring med kvalitetsutvikling og pedagogisk utviklingsarbeid
  • Interesse for drift og økonomistyring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Utdanningskravet til stillinga er godkjent pedagogisk utdanning og tre år praksis i utdanningsinstitusjon. Det er ønskeleg med snarleg oppstart i stillinga.

 

Andre krav

Det blir krevd politiattest før ein tiltrer stillinga.

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

25.10.2024

Arbeidssted:

Nordre Strand oppvekstsenter

Adresse:

Rådhusgaten 2 4100 Jørpeland