Som leiar har du ansvar for Eikehaugen barnehage og Nordre Strand skule. Barnehagen har 2 avdelingar, ein for 0-3 år og ein for 3-6 år. Skulen har i dag 71 elevar på 1.-7. trinn og er ein fådelt skule. Verksemdsleiar rapporterer til kommunalsjef for Opplæring, og har sjølvstendig ansvar for fag, personell og økonomi.
Me søker etter ein leiar som:
- Er inspirerande og tydeleg
- Er god på kommunikasjon og samarbeid
- Er pådrivar i pedagogisk utviklingsarbeid gjennom kompetanseutvikling i ei verksemd
- Har kjennskap til både barnehage- og skulesektoren
- Har leiarerfaring og/eller leiing som del av sin formelle kompetanse
- Har økonomisk innsikt og evne til å utnytta ressursar til beste for born og elevar
- Er analytisk, løysing- og resultatorientert
Me kan tilby:
- ein jobb som gjer meining, meistring og eit profesjonelt handlingsrom
- ein spennande og utviklande jobb i ei kunnskapsbedrift med høg kompetanse
- eit aktivt pedagogisk miljø kor det blir lagt vekt på samarbeid og personleg og fagleg utvikling
- samarbeid i lokale og regionale leiarnettverk
- gode støttefunksjonar innan fag, personal og økonomi
- ein profesjonell barnehage- og skuleeigar kor du blir ein del av eit større rektorkollegium med pågangsmot og godt humør
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgare pedagogisk utdanning
- Formell leiarutdanning er ønskjeleg
- Skuleleiarerfaring
- Erfaring med kvalitetsutvikling og pedagogisk utviklingsarbeid
- Interesse for drift og økonomistyring
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Utdanningskravet til stillinga er godkjent pedagogisk utdanning og tre år praksis i utdanningsinstitusjon. Det er ønskeleg med snarleg oppstart i stillinga.
Andre krav
Det blir krevd politiattest før ein tiltrer stillinga.