Strandaskulen har ledig stilling som rektor på Tau skule!
Skulen har ca. 350 elevar på 1.-7. trinn og ligg fint plassert i sentrum av Tau mellom Tau ungdomsskule og Strand videregående skule. Ny hovudbygning med mellom anna flotte rom til dei praktiske og estetiske faga og eit fint uteområde blei tatt i bruk hausten 2019. Skulen har fokus på lesing og eit inkluderande læringsmiljø.
Alle skulane i Strand arbeider etter felles utviklingsplan og me samarbeider tett med utdanningsregion Midt-Rogaland og Universitetet i Stavanger om lokal kompetanseutvikling.
Me søker etter ein leiar som:
- vil vidareutvikla eit trygt, varmt og inkluderande læringsmiljø
- vil leia og vidareutvikla skulen sitt profesjonsfellesskap
- vil leia og motivera medarbeidarar til samarbeid og målretta innsats til det beste for elevane
- ønskjer å vidareutvikla satsinga på lesing ved skulen
- forvaltar skulen sine samla ressursar på ein måte som sikrar god elevtilpassa undervisning
- sikrar god elevmedverknad, og eit godt samarbeid med føresette og eksterne samarbeidspartnarar
- har leiarerfaring og leiing som del av sin formelle kompetanse
Me kan tilby:
- ein jobb som gjer meining, meistring og eit profesjonelt handlingsrom
- ein spennande og utviklande jobb i ei kunnskapsbedrift med høg kompetanse
- eit aktivt pedagogisk miljø kor det blir lagt vekt på samarbeid og personleg og fagleg utvikling
- samarbeid i lokale og regionale leiarnettverk
- gode støttefunksjonar innan fag, personal og økonomi
- ein profesjonell skuleeigar kor du blir ein del av eit større rektorkollegium med pågangsmot og godt humør
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare pedagogisk utdanning
- Formell leiarutdanning
- Skuleleiarerfaring
- Erfaring med kvalitetsutvikling og pedagogisk utviklingsarbeid
- Interesse for drift og økonomistyring
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Andre krav
Det blir krevd politiattest før oppstart i stillinga.
Fast
Heltid
Dag
06.04.26
01.05.2026
Tau